Sommarens store latterkveld i Kaupanger
Fredag 19. juni inviterer Knaken til ein heilt spesiell standupkveld på låven, med Henrik Elvestad og Anders McAuley på plakaten. Dette vert ei sommarkveld fylt med humor, gode historier og skikkeleg stemning i hjartet av Kaupanger.
Henrik Elvestad er ein av Noregs mest folkekjære komikarar, programleiarar og skodespelarar. Gjennom ei årrekkje har han vore eit kjent ansikt frå TV-program som Torsdagsklubben, Golden Goal, Kompani Lauritzen og Rikets Røst. I tillegg har han markert seg som skodespelar og serieskapar gjennom produksjonar som Pørni, Idrettsforeldre og kultklassikaren Get Ready to Be Boyzvoiced.
Mange hugsar òg då Elvestad som første amatør i verda køyrde den legendariske utforløypa «Die Streif» i Kitzbühel – eit stunt som har vorte ståande som eit av dei mest minneverdige augneblikka i norsk underhaldning.
Anders McAuley er frå Bergen ish, og har drevet med humor i 15 år. Først som standupkomikar, så som radioprogramleiar i NRK P3, deretter som programleiar i TV 2. Han har òg vore med på å skrive standupshowa til Dr. Jonas Bergland, som har seld som varme kveitebrød.
Fredag 19. juni
Knaken, Kaupanger
Dørene opnar kl. 19.00
18-års aldersgrense
Billettar finn de her:
Billetter til Standup på Knaken