Både Kaupanger og områda rundt kan by på flotte kultur- og naturopplevingar. Her har vi samla nokre av dei.

På jakt etter gode naturopplevingar?

Kulturopplevingar:

Kaupanger/Fjærland
Sogn Folkemuseum – De heibergske samlinger. Vil du vite meir om korleis folk budde i Sogn etter mellomalderen og opp til våre dager er dette staden! Flott friluftsmuseum med bygningar frå heile Sogn. Museet har òg har faste og skiftande utstillingar og kafé. Museet ligg ca. 5 km frå Knaken (retning Sogndal). Ved fergekaien i Kaupanger (600 meter frå Knaken) har dei òg båtmuseum med stor samling av ulike trebåtar frå Sogn. Båtmuseet er gratis!

Ferje frå Kaupanger til Gudvangen. Frå 15. mai til 15. september går det dagleg veteranbilferje mellom Kaupanger og Gudvangen. Her kan du oppleve både storfjorden og verdsberømte Nærøyfjorden (UNESCO-område), som to gonger er kåra til eit av verdas flottaste reisemål av National Geographic.

Bokbyen i Fjærland. Fordelt på eit titals ulike utsal finn du om lag 4 hyllekilometer med bøker. Treng du ei pause frå bøkene finn du både kafé og hotell Mundal, eit historisk hotell som er vel verdt ei vitjing.

Luster
Urnes stavkyrkje. Verdsberømt stavkyrkje frå 1130-åra, innskriven på UNESCO si verdsarvliste.

Solvorn. Kanskje den best bevarte strandsittarstaden i Sogn og Fjordane. Om sommaren fin du òg ein fin kafé nede ved hamna. Her finn du òg berømte Walaker Hotel (som er særs populært, så her må du tinge rom på førehand!). Frå Solvorn kan du ta ferje til Ornes, dersom du vil vitje Urnes stavkyrkje.

Leikanger
Grinde. Eit av 22 utvalde kulturlandskap i Norge. Området består av fleire gardar og er kjent for sitt kulturlandskap med styvingstrær som framleis vert styva (det vil seie at greinane på trea vert skorne med jamne mellomrom og brukt som dyrefor). Kjøyr forbi Leikanger, retning Hella, på høgre side er det skilta til Grinde. Litt kronglete å finne fram, skilting er det òg dårleg med, men dersom du er interessert i å sjå korleis folk overlevde før butikk-tida er dett ei fin stad å byrje!

Lærdal
Lærdalsøyri. Godt bevart trehusmiljø med bygningar frå 1700-talet og opp til våre dagar.

Kongevegen. Fantastisk turveg for den kultur og naturbeviste. Lærdal har i samarbeid med Statens Vegvesen brukt mykje tid og energi på restaurering av vegen. Det er mogleg å gå lange strekningar, men særleg fin er området rundt Galdane og opp til Maristuen. Her kan du oppleve både vill natur, ingeniørkunst, husmannsplassar og stillingar frå andre verdskrigen.

Aurland/Flåm/Undredal
Otternestunet. Eit av få attverande klyngetunet i landet, med bygningar frå 1700 og 1800-talet. Ligg majestetisk til over Flåmsfjorden, litt før du kjem til Flåm.

Flåmsbana. Eit av dei mest populære turistmåla i Norge. Har du moglegheit, prøv å ta bana om vinteren, minst like flott som om sommaren, og er du heldig har du nesten heile toget for deg sjølve!

Skjerdal. Enten du vil overnatte eller vil oppleve ein tradisjonell vestlandsgard, er dette eit godt utgangspunkt. Her er det både overnattings- og smaksmoglegheiter, for her har dei 70 mjølkegeiter og eige ysteri!

Undredal stavkyrkje. I Kaupanger kan du vitje verdas lengste stavkyrkje, på Ornes kan du vitje stavkyrkja med dei mest fantastiske utskjeringane og i Undredal kan du vitje verdas minste stavkyrkje!

Og når du først er i Undredal, må du smake den vidgjetne Undredalsosten! Prøv Kvit Undredal, nesten som å bli forelska på nytt!