Ofte har eg tenkt på denne myteomspunne dansken, Gjøde Pedersen, som i 1606 bytte til seg det som den gong heitte Kaupanger gard.1 Korleis fekk han vite om Kaupanger? Hadde han passert Kaupanger på ei reise, eller var det nokon som fortalde han om staden og dei store skogane som berre venta på ein driftig entreprenør? Kven var eigentleg denne mannen som enda livet sitt i Kaupanger,2 og kva kan ein gamal steinkjellar, Brannkjelleren, fortelje om han?
På sitt vis deler Brannkjelleren lagnad med Gjøde Pedersen, ved at begge er innhylla i mystikk og soger. Ingen veit lenger kva som er sant eller kva som er røvarhistorier som stadig har fått tilført nye element. Første del av denne artikkelen består difor av mange spørsmål.
A. W. Rasch skildra Gjøde Pedersen som ein «blodfull renesansepersonlighet, hensynløs, brutal, kynisk, med spillerens mot og glede ved å satse alt og tape og vinne eftersom hell eller uhell var ute».3
Men var han slik? Ut frå ord og handling er det tydeleg at han alltid var ute etter måtar å auke eigedomen på.4 Kven var denne mannen som var så misfornøgd med eigedomsbytet at kongen skal ha gitt han løyve til å utvida garden med så mykje skog som han kunn ri rundt på ein dag. Etter tradisjonen brøyt han hestens føter i Holmsbergane, då han pressa hesten for hardt i det steile og ulende terrenget. Sann eller usann, i folkeleg overlevering står historia mest som symbol på Gjøde Pedersens begjær etter gods og gull.5
Han var truleg ikkje berre ein simpel svikar, men òg ein desertør og forrædar. Soga fortel at han var innrullert i den dansk-norske hæren som slost mot svenskane. Her skulle han ha desertert, for deretter å ha hjelpt svenskane med å byggje ein tunnel under ein dansk-norsk forlegning, for så bokstaveleg talt å sprenge den til himmels! Etterpå deserterte han på nytt, for å åtvare sine opphavlege med-soldatar om faren.
Han gjekk heller ikkje av vegen for lekamskrenking. Minst to gonger vart han skulda for å vere ansvarleg for slik skade at to personar døydde. Begge gonger vrei han seg unna ved å betale erstatning til familiane.6
Korleis kunne ein slik kar, som tilsynelatande gong på gong rota seg inn i situasjonar som normalt berre hadde døden som utveg, likevel klare å kome seg unna, ikkje berre med livet i behald, men gjerne med litt ekstra i pungen?
Etter kvart snøra det seg saman rundt Gjøde Pedersen. Skuldingar om drap, horeri, tjuveri av annan manns eigedom og snyting på skatten fekk både bønder i Sogn og byborgarar i Bergen til å reagere. Ein sendemann vart sendt til København for å leggje fram klage på Gjøde Pedersen si oppførsel.7 Gjøde fekk nyss om dette og reiste etter, men til inga nytte. I 1611 vart det sett ned ein kommisjon for å undersøke skuldingane. Gjøde Pedersen må ha innsett at denne dyneløftinga ikkje ville verte lystig. Dermed pakka han sakene og fordufta. Kona etterlet han i Kaupanger.8 I 11 år, fram til 1627, var han sporaust vekke. Korleis han finansierte dette veit vi ikkje, men han må ha lagt til side pengar eller fått hjelp frå vener og slektningar.
Korleis kunne ein slik mann etterlate seg så mange forteljingar, mens andre, sjølv statuspersonar, har sett langt mindre spor etter seg? Og kva kan, etter dagens standard, eit lite steinbygg i utkanten av hagen som omkransar hovudhuset til Kaupanger Hovedgård fortelje oss om denne litt korpulente dansken med kraftig andlet, tunge poser under auga og langt, kvitt fippskjegg?9 På epitafiet over koret i kyrkja kan han nesten sjå litt bekymra ut.
Er det slik at han verkeleg var ein spelar og gamblar, eit blodfult renessansemenneske?
Gjøde og Brannkjelleren
Med sine knappe 30 m2 er Brannkjelleren etter dagens standard eit lite bygg. Både utvendig og innvendig er det kvitkalka, med valmtak. I dag er det eit lite vindauge med jarngitter, vendt mot nord. Døra står på sørveggen. Både dør og døropning har bua overside. Før var det dobbel dør. Ytst var det ei tredør, men det på innsida er ei kraftig jerndør. I dag er det berre jerndøra som er bevart.
Sjølv om bygget no ligg litt for seg sjølv i kanten av hagen som omkransar hovudhuset, sender det eit merkeleg, litt kontrastfylt, signal til omgjevnadene. Det er som om Brannkjelleren peiker bakover til ei tid då bygget stod i sentrum av hendingane. Litt som tinnsoldaten i eventyret til H. C. Andersen står den, staut og stolt, vel vitande om kvifor den ein gong vart reist, og ikkje som i dag – nesten skjult av dei kraftige asketrea og stadig veksande buskane.
Sjølv om Brannkjelleren har mista noko av sin opphavlege status, har den alltid påkalla ein viss grad av interesse frå omgjevnadane.10 Eit springande punkt har alltid vore alderen. Det har vore lansert at han var bygt både på 1500-, 1600- og 1700-talet.
Sommaren 2015 vart det mogleg å undersøke dette nærare. Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde gjeve tilskot til restaurering i form av fjerning av gamal mørtel og ny kalking. Dette gav høve til å undersøke fundament og veggar nærare.11 Ut frå byggteknikken kan Brannkjelleren ha vore reist ein gong på 1600-talet. Samstundes syner hollandsk teglstein brukt mellom anna rundt dør- og vindaugsopning at bygget mest truleg vart bygt om, eller renovert, ein gong på 1700-talet. På 1600-talet finst det ikkje mange aktuelle byggherrar. Gjøde Pedersen sat som eigar i to omgangar.13 Elles sat det ulike forpaktarar her, medan Iver Wind neppe hadde interesse eller behov for å reise eit slikt bygg i Kaupanger.
Sjølve plasseringa av Brannkjelleren er heller ikkje tilfeldig. Før gjekk den gamle bygdevegen til stavkyrkja forbi huset. Med andre ord måtte bygdefolket og dei som kom med båt passere både garden til den nye storbonden på Kaupanger – og ein steinkjellar. Dette var noko nytt og framandt, som ein elles berre såg i byane, men som vitna om velstand og nye tider var komne til Kaupanger.
Skal vi freiste oss til å seie noko om opphavleg bruk, må vi sjå litt på kva slike bygg vart brukt til elles i landet. I Bergen vart det reist fleire slike steinkjellarar på 16- og 1700-talet, som vern mot dei stadig tilbakevendande by-brannane. Dei vart bygde for å sikre viktige dokument og verdisaker. Truleg ligg dei same motiva bak bygginga av Brannkjelleren. Namnet avspeglar òg dette behovet.
Og har du behov for eit slikt bygg, ja då må du sjølvsagt fylle det med noko. Kva Gjøde Pedersen eventuelt hadde av dokument eller verdisaker i steinkjellaren, veit vi sjølvsagt ikkje. Slik han for fram i området, og måten han overtok fleire og fleire gardar på, gjorde at han etter kvart vart særs upopulær. Dette er noko han umogleg kan ha unngått å vere klar over.14 Samstundes hadde han erverva både rikdom og papir som dokumenterte eigarskap til stadig nye eigedomar. Kan hende var dette utløysande for at han måtte ha eit eige brannsikra bygg?
Og korleis har det seg at han etter 11 år kunne returnere til Kaupanger? Den første domen var særs tydeleg på brottsverka hans. Likevel vart han ikkje berre frikjent, men frikjent med kongens fulle tilgjeving og oppreising.15
Dette fortel òg om ein mann som hadde sitt nettverk i orden, som visste å spele på dei moglegheitene han hadde. Kan Iver Wind og Gjøde Pedersen ha samarbeidd om dette? På dette tidspunktet var Wind riksråd, det vil seie at han hadde ei særs høg stilling i administrasjonen rundt kongen. Samstundes var han den største jordeigaren i Noreg, med stadige ambisjonar om å vekse. Gjøde Pedersen hadde bygt opp garden i Kaupanger til å bli ein omfattande eigedom. Men no var dette krongods og utanfor rekkevidde for både Gjøde Pedersen og Iver Wind. Kan dei ha inngått eit samarbeid? Kva om Wind, som riksråd, la inn eit godt ord for Gjøde Pedersen, som etter 11 år i skjul må ha vore temmeleg lei, slik at han forplikta seg til å selje garden til Wind?
I denne 400 år gamle soga får vi kanskje aldri sikre svar. Men kanskje er W. Rasch si skildring av Gjøde som ein blodfull renessansemann likevel riktig?
Fotnotar:
1. Kaupanger gard var på dette tidspunktet del av krongodset til Christian VI, men Gjøde Pedersen inngjekk ein bytehandel der han overtok Kaupanger mot å makebyte to gardar han eigde på Jylland i Danmark, til kongen. Elles vart garden først heitande Kaupanger Hovedgård då Iver Wind kjøpte garden av Gjøde Pedersen i 1636. Iver Wind var adeleg, og gardar han eigde fekk privilegiar enten ved at han budde der sjølv eller hadde forpaktarar som dreiv garden på hans vegner. I Kaupangar budde han aldri. Det er ikkje eingong sikkert at han nokon gong besøkte staden.
2. Han er gravlagd rett framfor koret i Kaupanger stavkyrkje.
3. A. W. Rasch og O. E. Moe 1960: 90.
4. T.d. skulda Kong Christian IV Gjøde Pedersen for å ha «snakka ned» dei store verdiane som låg i skogen då han makebytta Kaupanger med gardane på Jylland. Han var òg skulda for å ha flytta eigedomsgrensene ved Vestrheim for å tileigne seg ein teig med verdifullt mastetømmer.
5. Dette er høgst truleg ei vandrehistorie. Slike mytar er kjende frå fleire stader i Noreg.
6. I 1607 var han skulda for å ha påført Jon Theiste på Ytre Kroken slik skade (ein pistol skal ha gått av ved eit uhell og nokre hagl skal ha treft Theiste) slik at han seinare døydde av skadane. I 1609 var han skulda for drapet på Herman Bolt frå Bremen.
7. På dette tidspunktet måtte folk legge fram klagen personleg ovanfor Kongen i København
8. Kona måtte søke økonomisk hjelp hjå amtmannen i Bergen, som etter kongeleg ordre betalte ut 100 riksdaler til henne (Rasch, A. W. & O. E. Moe 1960: 92).
9. Vel å merke dersom vi skal tru på historia om at epitafiet som heng over inngangen til koret i Kaupanger stavkyrkje er Gjøde Pedersen med kone og son.
10. Artikkelen til G. F. Heiberg frå 1937, som er trykt opp på nytt i denne årboka, er eit godt døme på dette.
11. Frostsprenging i kombinasjon med røter frå nokre asketre har over tid skada murverket, og det vart gitt økonomisk tilskot til å fjerne gamal murpuss, tette sprekkar og legge på ny kalk.
12. Den hollandske teglsteinen er førebels datert til første halvdel av 1700-talet og utover. Gode kandidatar til å setja i gang det arbeidet er Hans Knagenhjelm som starta mykje byggearbeid på garden. Ein anna kandidat er Joachim de Knagenhjelm, som vart grunnleggaren av fylket vårt og den første amtmannen i Nordre Bergenhus (1763-1771).
13. Han eigde garden to gonger og flytta frå Kaupanger i 1639, men kom tilbake etter ei tid og døydde her, truleg på byrjinga av 1650-talet.
14. I 1638 betalte bøndene Jørgen Pedersen, Olav Bottolvsen og Lars Skaksen pengar til omstreifaren Tollef Kolbeinsen for å skyte Gjøde Pedersen. Kolbeinsen bomma, og attentatet vart oppdaga. Attentatmannen mista hovudet i Bergen, mens bøndene vart dømt til livsvarig straffarbeid på Bremerholm festning.
14. Rasch, A. W. & O. E. Moe 1960: 92
Litteratur:
Heiberg, G. F. 1937: Inventar på en storgård i Sogn i 1600-talet.
Rasch, A. W. og O. E. Moe 1960: Slekten Knagenhjelm og Kaupanger, Oslo 1960.