Allereie i 1835 kan vi lese om skulehuset i Kaupanger. Dette var lenge før lovverket om faste skulehus kom i 1860. Årsaka til at vi fekk skulehus så tidleg i Kaupanger heng nøye saman med ætta Knagenhjelm, som var adelege godseigarar i Kaupanger. Truleg var det godseigar Niels Joachim Knagenhjelm (1796-52) som tok initiativ til etablering av eige skulehus her.
Ein branntakst frå 1835 fortel litt om utforming og storleik på skulehuset. Ut frå branntaksten veit vi at huset stod på tunet eller i nærleiken av hovudhuset til Kaupanger Hovedgård. Likevel fortel ikkje branntaksten noko om alderen på huset. Utforminga og tal på rom kan tyde på at det opphavleg var bygd til eit anna formål.
samt 23 omfar høy, samt 2 Etager og er under Bygningen en god Kjelder.
I bygningens underste Etage er to Værelser, og i øverste 4 Værelser.
I Bygningen er en Skorsteen og 1 eenetages samt 1 treetages Kakelovn.
Bygningen er bordklædt og rødmalet, samt Taget belagt med Tagsteen.»
Etter branntakst i 1835 (Rasch og Moe 1960: 125).
Eit gardskart frå 1944 og to arkeologisk undersøkingar på sørsida av Kaupangselvi kan kanskje kaste lys over både alder og plassering til skulehuset?
I 2005 vart delar av tunet til Kaupanger Hovedgård undersøkt ved hjelp av geoarkeologiske metodar (Davies 2005). Spor av menneskelege aktivitetar i undergrunnen vil ha anna signatur en t.d. lausmassar, berg og som er resultat av geologiske prosessar. T.d. har restar av hus, eldstadar osv. anna magnetisme og vassinnhald enn dei naturlege omgjevnadane. Om forholda er gunstige, er det mogleg å avdekke desse spora. I 2005 avdekka undersøkinga ein stor grop eller nedskjering. Kva dette skulle tolkast som var det diverre ikkje råd å gjere den gongen.
I samband med legging av ein vassleidning i 2015 vart det same området undersøkt arkeologisk. Her synte det seg at nedgravinga var restar etter ein steinkjellar. Funksjon og alder var det ikkje mogleg å seie noko om den gong, utover at oppbygging av muren tyda på den ikkje kunne eldre enn 1600-talet. Ein C14-datering av treverk indikerer det same. I fyllmassane vart det funne både murstein og takstein. Foreløpig vurdering av mursteinen tyder på at bygget er eldre enn 1800.
Først seinare, ved kombinere skriftlege kjelder, kartmateriale og dei arkeologiske registreringane, har det opna seg ein tolking om at er skulehuset skildra i 1835. Vi veit at det seinare stod eit kornlager her, men kanskje var dette huset tufta på eit eldre hus? Grunnplanet er det same som oppmålinga i branntaksten frå 1835 (om lag 9,4 x 6,9). Fyllmaterialet, med funn av takstein stemmer og overeins med skildringa i branntaksten. Geoundersøkings syner og at kjellaren er monaleg større enn det som var mogleg å avdekke i 2015. Sjølv om det er for tidleg å konkludere, syner dette døme at ved å kombinere ulike kjelder, er det mogleg å avdekke fasinerande spor frå vår eige nære fortid!
Kjelder:
Davies, Will 2005: Geophysical Surveys at Kaupanger, Sognefjorden, August 2005
Rasch og Moe 1960: Slekten Knagenhjelm og Kaupanger