Utanfor viking- og mellomalderbyen Roskilde i Danmark ligg den grunne Roskildefjorden. Sjølv om fjorden er grunn, ligg det òg fleire djupe renner i fjorden, djupe nok til at båtar i sein vikingtid og mellomalderen kunne segle inn til Roskilde by.
Mellom 1060 og 1070 vart desse rennene stengd med palisadar og skip fylt med stein, som deretter vart senka. Skulle skip segle gjennom måtte ein vere lokalkjend eller få løyve til å passere flytsperringar som blokkerte passasjane.
Årsaka til at dei valde å stenge desse rennene skyldast truleg norske herjingar langs den danske kyststripa på 1000-talet og fram til 1200-talet.
Etter å ha fått ligge uforstyrra i 900 år, vart restane etter dei nedsenka skipa oppdaga i 1956 og vart utgrave under ein spektakulær arkeologisk utgraving i 1962. Totalt vart fem skip avdekka, kalla Skuldelev 1-6 (etter kvart oppdaga ein at Skuldelev 4 var del av Skuldelev 2, men ein valte å behalde nummereringa for dei andre skipa).
Men kva har dette med Kaupanger å gjere? Etter kvart har det blitt tatt dendrokronologiske dateringar av alle skipa. Dendrokronologi er ein metode kor ein ved å telle årringane i trea, både kan fastslå når treet var hogd, men òg kva region treet opphavleg kom frå. Årsaka til dette er at åringane til trea varierer i forhold til vekstforholda kvart år. Dei same variasjonane finn ein i alle trea innanfor eit avgrensa geografiske område (som i Sogn). Finn ein ulike tre, med ulik alder, men som overlappar kvarandre litt i tid, er det mogleg å lage dateringskurver. Når ein tek nye prøver av t.d. eit hus, kan ein samanlikne prøven med desse kurvane for å sjå om man får positivt treff.
Desse kurvene vert stadig forbetra, slik at det er mogleg å avgrense dei geografiske områda meir nøyaktig.
Det som er spanande (og ekstra spanande for oss i Kaupanger), er at desse kurvene har opna for at to av båtane kan ha vore bygd i Kaupanger!
Skuldelev 1 var ein 16,3 meter lang Knarr (lasteskip). Truleg vart dette skipet bygd om lag 1030. Skuldelev 6 var truleg bygd som fiskebåt/føringsbåt og var 11,2 meter langt.
Sjølv om det framleis heftar usikkerheit om båtane kom frå Kaupanger, er vi rimeleg sikre gjennom det arkeologiske materialet og seinare skriftlege kjelder, at det vart bygd skip i Kaupanger i denne tidsperioden.
I denne samanhengen er og ny tolking av Margrete C. Stang av den gamle altertavla som stod i Kaupanger stavkyrkje frå om lag 1250 særs interessant. Hovudmotivet er Kong Olav den heilage som dør under slaget på Stiklestad, men altertavla har og sidefelt, som syner ulike skytshelgenar. Det som gjer dette ekstra spannande, er at sidefeltet syner helgenar for fiskarar, båtbyggjarar, sjømenn/ferjemenn og reisande!
Ut frå val av helgenar, er det nærliggande å tru at desse gruppene gav alteret som gåve til stavkyrkja. Dette fortel òg litt om posisjonen desse gruppene hadde på den gamle kaupangen.
I dag er alle Skuldelevskipa utstilt på Vikingskipsmuseet i Roskilde. Neste gang du tenker på Danmarksferie, så tek du kanskje turen innom Roskilde og Vikingskipsmuseet?
Bilete: 1 og 2. Utgravinga i 1962. Bilete 3. Skuldelev 1. Bilete 4. Skuldelev 6.