Opphavleg var dette ein kronikk, som stod i Sogn Avis (2015), av Christoffer Knagenhjelm
Debatten om kommunesamanslåing rasar for fullt, medan vi i Sogn prøver å unngå heile diskusjonen. Eg har ved fleire høve hevda at Sogn aldri har vunne tilbake den sterke stillinga som området hadde i vikingtida og tidleg mellomalder. Som arkeolog vil eg kaste lys over Harald Hårfagre og hans samtid, då Sogn vart rekna som eit av dei mest mektige og sjølvrådande områda i det vi i dag kallar Noreg. Kva var grunnen til at slik makt var samla i Sogn på denne tida, og kan denne delen av historia gje ei utvida forståing av vår eiga omskiftelege samtid?
Sæmund Frode, grunnleggar av islandsk-norsk historieskriving, fortel at Harald Hårfagre sin mor, Ragnhild, var frå Sogn og at Hårfagre arva morfaren sitt kongedøme. Noregs konungatal fortel jamvel at Hårfagre vart kalla for «Ræsir Sygn», Sogningane sin konge! Noregs konungatal vart truleg skrive på 1190-talet og er bevart i manuskriptet Flateyarbok frå 1300-talet. Nyare forsking legg òg Harald Hårfagre sitt kjerneområde til Sogn (jf. td. Krag 1990; 1995; Helle 2001) og fremjar teorien om at Husabø i Leikanger var kongsgarden til Hårfagre.
Harald Hårfagre er gitt rolla som sjølve landsfaderen, mannen som byrja på kongeriket Noreg og større enn Håkon VII, kjend for sitt valspråk Alt for Norge. Korleis var det mogleg?
Lite er kjend om Hårfagre, vi er ikkje eingong sikre på når han vart fødd. Ved fødselen (truleg 850 eller 865), eit halvt århundre ut i vikingtida var Noreg delt i ei rekke småkongedøme. Perioden var prega av gradvise, men radikale samfunnsendringar. Då han døydde (ca. 931/32) var mange av småkongedømma utsletta.
Ser vi dei 130 åra frå byrjinga av vikingtida til Hårfagre sin død på Avaldsnes under eitt, er desse nokre av dei mest skjelsettande åra i norsk historie. Det som først og fremst kjenneteiknar perioden, er maktkonsolidering. Hårfagre opererte såleis ikkje i eit vakuum då han bygde opp si makt.
Det er ikkje eingong sikkert at Hårfagre hadde ambisjonar om å «samle Noreg til eitt rike» i byrjinga. Kan hende var rikssamlinga eit svar på ytre press? Sagamaterialet fortel blant anna om strid med eit småkongdømme i Nordfjordeid. Dette kan ha vore slekta vi kjenner gjennom den store skipsgrava der Myklebustskipet vart funne. Kjeldene fortel elles at Hårfagre vann slag og ekspanderte ut Sognefjorden og langs kysten sørover til han etterkvart erobra knutepunktet Avaldsnes. Her vart han til slutt gravlagt som gamal mann. På mange måtar var dette eit rotterace om å bli størst,- om å ete eller å bli eten.
Men det er òg mykje sagamaterialet ikkje fortel om. Ein ting som er sikkert, er at Hårfagre ikkje kunne ha samla landet utan å ha ei samla gruppe av stormenn bak seg. Både i vikingtida og eit godt stykke ut i middelalderen var Sogn eit av dei mektigaste områda i Noreg. I mellomalderen låg 3-4 av dei største gardane i heile Noreg her! Utan gode alliansar med desse stormennene ville det ikkje vore mogleg for Hårfagre å utvide kongeriket sitt. Opphavleg budde Hårfagre hjå faren sin på Ringerike, og arva Sogneriket etter morfaren. Det skulle såleis noko til for at Hårfagre kunne slå seg opp då han kom hit, men som ein kombinasjon av god nettverksbygging frå Hårfagre sin side, og press utanfrå på dei lokale stormennene let dette seg gjere. Resultatet var at Sogn oppretthaldt sin sterke posisjon og sjølvråderett fram til Slaget ved Fimreite der kong Sverre skipla den tradisjonsbundne makta i Sogn.
Kva fortel dette oss om Sogn i dag? Harald Hårfagre og samlinga av Noreg kan sjåast som ein interessant parallell til dagen situasjon. Kommune-Noreg, med lokale institusjonar, er under hardt press frå stat og regjering om å samle seg i større einingar. Om enn eit ulikt utgangspunkt, så er ikkje situasjonen ulik byrjinga av vikingtida. Men her i Sogn slåst vi mot samanslåing, utan å sjå på kva nye og større kommunar kan fyllast med av innhald. Det er heller ikkje mykje merksemd på eventuelle konsekvensar av denne motstanden. Sett utanfrå, er Sogn i dag eit lett byte for dei som ønskjer å leggje området under seg.
Kven er det som innehar stormannsrollane i dag og korleis møter dagens stormenn utfordringane med ytre press? At kommunepolitikarar, med ordførarar i spissen, har denne rolla er nok dei fleste samde i. Her skal kommunale rådmenn òg inkluderast. Leiinga ved høgskulen er òg ei gruppe som inngår her. Med enkelte unntak, er det ei samfunnsgruppe som manglar her (og som interessant nok hadde ein aktiv rolle i Sogn i mellomalderen), og det er lokale handelsfolk.
Korleis samhandlar desse ulike grupperingane? Er interessene til dagens stormenn så motstridande at det er vanskeleg, om ikkje umogleg, å finne ein felles plattform for strategisk utvikling av Sogn? Ved å sjå på mandatet for utgreiing av kommunereforma utarbeidd av Sogn regionråd er det tydeleg at partane ikkje er samde. Årdal har t.d. avstått frå å delta då dei meiner at kvar kommune sjølv må avklare grunnlaget for eventuell kommunesamanslåing. I mandatet kan ein òg hevde at folkeleg medverknad er nedprioritert. Kanskje skal ein sjå kommunesamanslåinga i Sogn, som del av ein forskyving av makt, frå folkevalde forum, mot eit stadig sterkare administrasjonsstyrt velde. Dette ettersom regionrådet let rådmannsgruppa i Sogn stå ansvarleg for ei så viktig utgreiing. Vil det seie at det er eit motsetningsforhold mellom dagens elite og folkeopinionen? Det kan mellom anna sjå ut som om folk flest er meir villig til kommunesamanslåing enn politikarane. Er det slik at folk flest er innforstått med dei strukturelle endringane og i større eller mindre grad støttar ei tilpassing, medan eliten forsøker å oppretthalde ein form for status quo? Sett i lys av historia, kven sit då med den beste strategien?
Kjelder:
Helle, K. 2001. Gulatinget og Gulatingsloven. Skald. Leikanger
Krag, C. 1990. Vestfold som utgangspunkt for den norske rikssamlingen. I: Collegium Medievale, 3: 179-195. Oslo
Krag, C. 1995. Vikingtid og rikssamling 800-1130 (red. K. Helle). Aschehougs Norgeshistorie, bd. 2. Oslo.