Bilete frå restaureringsarbeidet
FORVALTNING AV EIT FREDA KULTURMILJØ
I det freda området på Kaupanger Hovedgård er vi i ferd med å restaurere det tradisjonelle kulturlandskapet, i tråd med fredingsformålet. Restaureringsarbeidet starta i 2008, samstundes med at Skogfrøverket starta å avvikle dei store granfrøplantasjane som blei etablerte i området på 1960-talet.
I dag er den viktigaste utfordringa å styrkje og utvikle kulturmiljøet i det unike, historiske landskapet rundt Kaupanger Hovedgård og Kaupanger stavkyrkje. Utviklinga skal skje på ein måte som integrerer omsyn til natur- og kulturverdiar innanfor rammene av ei levende landbruksdrift, og ein skal leggje til rette for at besøkjande og turistar kan få oppleve det unike kulturmiljøet og ta del i aktivitetane som er knytt til skjøtselen av området.
På denne måten kan utviklinga av kulturlandskapet rundt Kaupanger Hovedgård og Kaupanger stavkyrkje fungere som eit nasjonalt førebilete for korleis ein kan ta vare på, utvikle og integrere fysiske og biologiske kulturminne på ein heilskapleg og berekraftig måte, korleis ein kan motverke trenden med tap av biologisk mangfald, og korleis ein kan formidle kvalitetane i området til besøkande.
Restaureringsarbeidet tek utgangspunkt i eit levande jordbrukslandskap og foreslår tiltak som kan betre den økologiske tilstanden i kulturlandskapet, og styrkje leveområda til ville pollinerande insekt. Planen har ei heilskapleg tilnærming til kulturminne, kulturlandskap og berekraftig utvikling og presenterer ei rekkje tiltak som støttar biologisk mangfald.
Målet er at Opplevingslandskap Kaupanger skal bli eit føregangsprosjekt for berekraftig kulturmiljøforvaltning, og at erfaringane herifrå kan overførast til andre, liknande område.
Her finn du meir informasjon om Opplevingslandskap Kaupanger.