På Knaken skjer det støtt og stadig noko, og dette er litt av kva du kan rekne med å finne:

Restaurant etter avtale
Knaken er ein serveringsstad for alle høve.
Formelt eller uformelt, –
alle er velkomen.

hamburger
Kaféen
Sommarstid held vi ope kvar dag på dagtid
Menyen er ikkje stor, men god!
Vi skiftar ofte på innhaldet,
men hjorteburgaren vår får du alltid!

 

Opplevingarstavkyrkje
Katedralen blant stavkyrkjene!
Sommarstid er Knaken besøkssenter for
stavkyrkja, eit fantastisk byggverk i
tre, 880 år gamal. Bli med oss, og høyr
kva kyrkja har å fortelje…

Fabeldyr laga av hvalrostann, truleg frå 1200-talet.
Kaupanger endra Noregshistoria
Kvifor ikkje ta del i dette?
Vi tilbyr eigne opplegg for barn og unge!
Sommarstid kan små (og store) vere arkeologar
og leite etter kaupanghøvdingen.
Premiar til dei tolmodige…

GeiterGeiter
Kaupanger Hovedgård driv aktivt som geitebønder.
Kvifor ikkje helse på geitene våre?
Tek du turen til Knaken, treff du nok både
bukkane Tanngrisner og Tanngnjost,
geiter og geitekillinger.

Bukken i bakgrunnen
Kulturlandskapet
Det er ikkje berre Kaupanger Hovedgård
som er freda. Dette er òg ein av dei
største områdefredingane i landet.
Ta turen med ein av våre omvisarar
eller på eigen hand og sjå korleis
menneska har forma og sett sitt preg
på eit av dei mest særprega områda
i Norge!