Gardsnamnet Kvåle er relativt uvanleg i Norge. I følgje O. Rygh Norske Gaardsnavne er det i underkant av 30 gardar med slikt namn i Norge.1 Av desse ligg berre to i Sogn (Sogndal og Luster).
Namnet kjem opphavleg av hváll, m, isolert rundt (rundaktig) høgd.2 Plasseringa, relatert til sjø eller fjord kan variere, men dei ligg ofte på terrassekantar.
Kvåle i Sogn er ikkje noko unntak her. Opphavleg låg tunet til garden på ein rund, marin terrassekant, om lag 100 meter over havet. I dag er det opphavlege tunet erstatta av moderne byggefelt, men det er like vel mogleg å fornemme noko av det opphavlege gardsmiljøet, der Halvardshaugen troner på eine sida av vegen, som ein trasig vegg mot den nye tida i Sogndal og med den spor av den tradisjonelle gardsbusetnaden spreidd bak gravhaugen.
I motsetning til dei fleste gardane i Norge er Kvåle i Sogndal sjeldan godt dokumentert, både skriftleg og arkeologisk. Dette beror dels på at garden var stormannssete eller har vore eigd av store jordeigarar i historisk tid, og at det har vore omfattande arkeologiske undersøkingar i området, blant anna på grunn av bustadpress og bustadbygging i Sogndal.
Garden er direkte eller indirekte nemnd i ein rekke skriftlege kjelder Sverresoga (1184), Soga om Torgils Skarde (1244), Hvale (1308), Huale og til Huals (1314), i Hwaale (1333), Qwall (1522), po Kualler (1563), Qualle (1666), Qvaale og Schaaraas (1723).3
Gjennom arkeologiske kjelder er Kvåle og bebuarane på storgarden kjent både gjennom lausfunn,4 gravfunn og større flateavdekkingar i nyare tid.5 Fleire av dei arkeologiske utgravingane er framleis ikkje publisert.6
Gjennom desse kjeldane kan vi følgje opp og nedturar, frå gardsetablering, velmaktsdagar og ei tid då folka på Kvåle spelte ei rolle på den nasjonale arenaen, etablering av klyngetunet i 1314, til utover 1600-1700-talet då klyngetunet vart delt opp i stadig fleire brukarar, som hadde det til felles at alle var leiglendingar.
Klyngetunet på Kvåle er truleg det eldste kjente klyngetunet i Norge. Dette er ein nemning på ein tradisjonell vestlandsk gardstun. Når garden etter kvart vart delt opp i fleire bruk, vart husa plassert tett saman, ofte utan indre samanheng, slik at det det kan vere vanskeleg å sjå eit mønster i busetnaden. Talet på brukarar kunne vere så høgt at det klyngetunet nokre stader mest minna om små landsbyar. Mellom 1860-1920 vart dei fleste klyngetuna oppløyst. I dag er det berre ein handfull klyngetun att i Norge. Mest kjend er truleg Havråtunet på Osterøy og Agatunet i Hardanger.7
Bakgrunn for oppløysing av klyngetuna var behov for å rasjonalisere landbruksdrifta og vart opphavleg initiert frå den dansk-norske kongemakta. I Danmark førte lov om oppheving av felleskapet i 1781 til at kvar brukar samla sine teigar, som før var spreitt rundt i eit hopehav med andre gardbrukarar til mest mogleg samanhengande areal. Formålet var å auke produktiviteten i jordbruket. I Norge var ein i byrjinga mest opptatt av at sameige førte til for sterk hogst, og ikkje teigblandinga. I 1803 tok rentekammeret opp problemet,8 men det førte ikkje til ny lovgiving. På sikt skulle dette likevel få konsekvensar.
Etter ein modningsperiode vart lov om utskifting vedteken i 1821. Lova gjaldt både sameige og teigblanding. Skiftegrunnlaget for sameige skulle være skattskylda. Når det gjaldt innmarka skulle ingen bli forfordelt, verken når det gjaldt areal eller bonitet.9(forklaring/ref).
I 1857 vart ny utskiftingslov vedteken. Mykje av lova er likt med den gamle, men arbeidet med oppheving av sameige og teigblanding vart profesjonalisert ved at arbeidet vart overført frå sorenskrivarar til statslønna utskiftingsformenn. I samband med lova vart og Utskiftningsverket (Jordskifteverket) grunnlagt.
Viktig er og at etter 1857 var utskiftingsformennene pålagt å føre detaljerte utskiftingsprotokoller, som skulle avleverast statsarkiva, samstundes skulle eit utdrag av protokollen med alt av «varig verdi» tinglysast. Oppmåling og kart skulle sendas til kartarkivet til Jordskifteverket og ein av grunneigarane skulle oppbevare kopi av desse dokumenta.10
Det er denne lova som dannar bakteppet for utskiftinga av klyngetunet og teigblandinga på Kvåle.
For å undersøke gards- og busetjingshistoria til Kvåle er utskiftingskartet frå 1864 ein viktig kjelde. Dette vil bli gjort mellon anna ved bruk av tilbakeslutning (retrospektiv) metode.11
Kvåleskiftet frå 1314.
Til kong Håkon, med Guds miskunn Noregs krynte konge, sender Audun på Slinde, Karlshovud i Kaupanger Guds helsing og si skuldige teneste. Dykkar brev kom til oss og Erlend Sylfestsson, der De baud oss og dei vi oppnemnde med oss, å skifte hus og tufter på den garden i Sogndal som heiter Kvåle i Sogn, mellom fru Ingrid Brynjulvsdotter, Nikulas Stigtsson på vegner av kona hans fru Margrete, og Svein, sonen til herre Sigurd Sveinsson. Vi kom til Kvåle den første tysdagen etter helgetorsdag i Dykkar 15de styringsår. Gaute Isakkson vedgjekk då for oss at han same tysdag med handslag hadde vorte samd med herr Sigurd Sveinssom om å skifte hus og tufter på Kvåle på vegner av fru Ingebjørg, kona si, og jomfru Inga, syster hennar, då han var ombodsmann, ettersom fru Ingrid var avliden. Vi høyrde då at fru Ingebjørg og jomfru Inga, dotter til Eirik Stylk, samtykte til dette skiftet. Sidan nemnde vi med oss sira Arne, prest på Stedje, Sira Arnold, prest på Kvåle, Torgeir Bjørnsson, Narve på Skjeldestad og Torstein på Hausa. Dinest bar dei vitnemål, Einar Klerk og Toralde Dettir, at på tysdag for to månader sidan høyrde dei at eit ope brev, med segla til fru Ingrid Brynjulvsdotter (og) herr Sigurd Sveinsson hangande under, vart lese opp for Nikulas Stigtsson og Margrete, kona hans, der dei stemnde Nikulas til å kome til Kvåle om to månader for der å skifte hus og tufter med dei, og at ombodsmannen deira stemnde Nikulas til å kome til Kvåle til før avtala tid og det førnemnde skifte av tufter og hus.
Sidan mælte vi i frå kvarandre i tre luter alle tuftene på garden. Og kvar tredel på garden og tuftene, forutan låve og fjøs, vart 24 famner lang og 5 famner breid med svaler og ufser, og mellom hjørnestavane 13 ½ alen breid. Deretter let herr Sigurd og Gaute merke sine luter men luten til Nikulas vart lagt umerka i skål.
Uskifta er då storstova og steinkjellaren under, kleven og trevet over forstova, eldhuset, badstova og tørkehuset, med ale dei tuftene som desse husa står på.
Desse menn var òg til stades: Torberg Pålsson. Ottar Pulg, Bård Ogmundsson, Narve Klerk, Olmode Bjave. Og til sant vitnesbyrd sette vi våre segl samane med segla til dei før nemnde mennene på dette brev som vart gjort på før nemnde dag og år.
550 år etter kvåleskiftet, som markerte starten på klyngetunet på Kvåle, skulle det nok eingong gå gjennom vidtfamnande endringar.
Fotnotar:
1. O. Rygh: Norske Gaardnavne (http://www.dokpro.uio.no/rygh_ng/rygh_felt.html)
2. O. Rygh: Norske Gaardnavne: bnd. 12, s.88. (http://www.dokpro.uio.no/perl/navnegransking/rygh_ng/rygh_visetekst.prl?s=n&Vise=Vise&KRYSS188341%4042074=on)
3. Sverresoga: avsn. 82 (http://heimskringla.no/wiki/Sverres_saga); Krøvel og Tafjord 2017: 154 (Soga om Torgils Skarde (i Sturlungesoga); Timberlid 2007. Sogndal bygdebok Band 2 Sogndalsfjøra og Notsete: 244
4. For oversikt over lausfunn, sjå http://knaken.no/lausfunn-fra-kvale-sogndal
5. For oversikt over utgraving av gravhauger (1911, 1915, 1986), sjå http://knaken.no/kjeldematerialet-etter-arkeologiske-utgravingar-av-gravhaugar-kvale-sogndal
6. 2007, 2015.
7. Ref. Klyngetun
8. Rentekammeret, forklaring
9. Bonitet
10.Norsk historisk leksikon bnd. 2. 2004; Øye, Ingvild xx.
11. Tilbakeslutning, også omtalt som retrogressiv eller retrospektiv metode, går ut på å trekke slutninger om fenomener og samfunnsforhold i én tidsperiode på bakgrunn av kjente opplysninger om de samme fenomenene og samfunnsforholdene i andre, som regel senere, tidsperioder (ref).