I dag står det berre att 28 stavkyrkjer og om lag 150 kyrkjer av stein i Norge. De er eit forsvinnande lite tal når vi veit at det fram til svartedauden (1349-1350) vart reist over 1000 stavkyrkjer og litt over 300 steinkyrkjer her i landet. Sjølv om stavkyrkjene deler nokre karaktertrekk, med stavkonstruksjonen som det mest synlege, er det òg stor variasjon i utforminga i dei attverande stavkyrkjene. Ein variasjon som syner både handverksmessig ulikskap og tilpassingar til lokale tradisjonar og byggeskikk. I stavkyrkjene kan vi òg sjå konturane av århundrelange tradisjonar i bruk av tre, som har inneheldt sterke rituelle band i materialbruk, meiningsinnhald, tru og utsmykking. I dag kan det vere vanskeleg å tolke eller forstå i meiningsinnhaldet sin heilskap, men i si samtid bygde kunsten på ålment kjente førestillingar. Dyreornamentikken vi finn på Urnes stavkyrkje i den såkalla urnesstilen er eit døme på dette. Dette er handverkskunnskap av verdsklasse, vidareutvikla i overgangen mellom den førkristne kunsten i vikingtida den kristne stavkyrkjearkitekturen.
I Norge er den eldste kjente kyrkjegarden datert til 900-talet (Veøy utanfor Molde), men elles er dei første kyrkjebygga datert til første halvdel av 1000-talet her i landet. I Sogn ser vi òg mykje av det same mønsteret. Arkeologiske undersøkingar syner til dømes at dei første stavkyrkjene i Kaupanger og Urnes skal begge daterast til dette tidsrommet. Dei første kyrkjene i Sogn har òg noko anna til felles. Dei vart bygd som sokalla høgendekyrkjer, det vil si kyrkjer bygd av ein stormann for seg sjølv og hans næraste familie. Både på Kvåle, Eggum, Ølmheim, Åberge og Fimreite bygde stormenn kapell eller kyrkjer til seg og sine. Dei første kyrkjebygga var gjennomgåande ganske små, noko som i følgje kunsthistorikaren Signe Horn Fuglesang, understrekar det eksklusive preget den nye religionen kunne ha i den første kristningsperioden rundt år 1000. Framveksten av kristentrua er nært forbunden med kongemakta sin ekspansjon i vikingtida og tidleg mellomalder. Kongemakta brukte kyrkja aktivt for å utvide maktgrunnlaget sitt. På denne måten kan høgendekyrkjene tolkast som ei form for alliansebygging, der stormennene i Sogn gjennom kyrkjebygga signaliserer truskap til kongemakta i denne maktstrida.
-> Dei tre stavkyrkjene i Kaupanger.