I samband med restaureringa av stavkyrkja i Kaupanger (1959-65), vart det i 1964 utført arkeologiske undersøkingar i grunnen under stavkyrkja, leia av Kristian Bjerknes og Hans Emil Lidén. Utgravingane viser eit kompleks bilete, med funn av to eldre kyrkjer før dagens stavkyrkje. Alle er truleg bygd med stavteknikk, men dei har innbyrdes ulikskapar, både i storleik og byggjeteknikk. Alle bygga er òg orientert øst-vest. Dette gjer at dei, saman med plassering og orientering av samtidige gravleggingar knytt til bygga, er tolka som kyrkjebygg.
Kaupanger stavkyrkje har vore endra fleire gongar, både tidleg på 1200-talet, på 1600-talet, 1860-talet og seinast i 1959-65, noko som har sett sitt preg på stavkyrkja slik ho står fram i dag.
DEN FØRSTE KYRKJA I KAUPANGER
Den første kyrkja i Kaupanger var ganske liten. Samanliknar vi med til dømes den første kyrkja på Urnes, er den vesentleg mindre. Medan skipet i Urnes målte 6,5 x 5 meter (32,5 m2), målte skipet i kyrkja i Kaupanger 4,2 x 5,5 meter (23 m2). I tilknyting til kyrkja vart det òg avdekt gravleggingar. I motsetnad til eldste stavkyrkja på Urnes som hadde hjørnestolpar, veggstolpar og fire innvendige stolpar som bar veggar og tak, vart det berre avdekt seks veggstolpar her. Dette viser òg lokale variasjonar i byggeskikk, og at reising av stavkyrkjene kan ha vore ei tid med mykje byggteknisk eksperimentering. Utgravinga syner òg at stolpene truleg vart trekt opp og ikkje har rotna i jorda. Dette er tolka som at den første kyrkja i Kaupanger vart riven medan den framleis var brukanes.
Det er ikkje mogleg å datere kyrkjebygget direkte, men ei C-14 datering av eit skjelett, knytt til kyrkja, tyder på at bygget må ha vore i bruk i første halvdel av 1000-talet. Ei slik datering vert indirekte underbygd av ei anna C-14 datering av førhistorisk dyrkingslag datert til 886-1013 evt. Dateringa viser at jordbruksdrifta kan ha tatt slutt i overgangen til 1000-talet, noko som i så fall er naturleg å kople til etablering av kyrkjegarden og den første stavkyrkja.
KVEN BYGDE DEN FØRSTE KYRKJA?
Det er tidlegare påvist spor etter ei gardsbusetjing i området kring stavkyrkja. Seinare er det gjort fleire arkeologiske registreringar som stadfestar og utdjupar dette biletet. Dei eldste funna kan vere dyrkingsspor datert til overgangen til bronsealderen. Desse dateringane er frå området som no er ny kyrkjegard rett vest for stavkyrkja. Seinare er det registrert mogleg kulturlag, eldstadar og stolpehol i dette området. Det er òg indikasjonar på at det tidlegare har vore fleire gravhaugar på garden. Mellom anna vart det allereie i 1834 levert inn ein ard som truleg stammar frå ein bortpløgd grav. Lausfunnet er i seg sjølv prov på aktivitetar knytt til ein gardsbusetjing i yngre jarnalder på innmarka til Kaupanger Hovedgård. Dei arkeologiske spora indikerer såleis at det har vore ein veletablert gardsbusetjing i området som omkransar m.a. stavkyrkja i bronse og jarnalderen. Den første kyrkja skal difor truleg tolkast som høgendekyrkje.
NY STAVKYRKJE VERT REIST I KAUPANGER
Heller ikkje denne kyrkja skulle få stå så veldig lenge. Omfattande kol -og askelag syner at kyrkja vart ramma av ein øydeleggande brann. Dette, saman med seinare aktivitetar som gravleggingar i skip og kor, gjer at dei arkeologiske spora for dette kyrkjebygget er sparsame.
Ut frå funn av veggkonstruksjonen, med restar av seks stolpehol, er det likevel mogleg å rekonstruere storleiken til kyrkja. Nokre stadar var det òg mogleg å påvise at området må ha vore rydda før den nye kyrkja vart reist, noko som òg gjev indikasjon på storleiken til kyrkja. Desse spora viser at skipet truleg målte 8,3 x 5,2 meter, med andre ord har storleiken på skipet auka med 20 m2 frå den førre stavkyrkja. Utforminga med jordgravne stolpar gjer at kyrkja framleis syner slektskap med den førre kyrkja. Både i skipet og i koret vart det avdekka rekker med steinar som strakk seg frå stolpe til stolpe. Dette vart tolka som at veggane hadde ei form for rammekonstruksjon, der det kan ha kvilt ein svill på eit steinfundament som har vore festa til stavane. Oppå stavane har sjølve veggen vore innfesta, men dei arkeologiske spora tillèt oss ikkje å seie noko om korleis taket har vore utforma.
Diverre var det ikkje var mogleg å finne spor av alteret i koret, men det vart avdekka spor av fundamentet til eit mogleg sidealter i austsida av kyrkja, noko som var ganske vanleg i mellomalderkyrkjene. Spor av slike sidealter finn vi til dømes både i Hopperstad og Torpo stavkyrkje.
Datering av kyrkja kviler på funn av to myntar, datert til 1065-80 og 1130-50. Interessant nok er den eldste mynten frå same tidsperiode som kyrkja på Urnes som Urnesportalen stammer frå. Om dette er tilfeldigheiter eller indikerer ny bølgje av kyrkjebygging i Sogn, er det vanskeleg å seie noko sikkert om ut frå det arkeologiske kjeldematerialet. Den eldste mynten kan indikere at kyrkja har stått i åra rundt 1065, medan den yngste mynten indikerer at kyrkja brann tidlegast i 1130-åra.
I følgje Kristian Bjerknes var det teikn på at gravleggingar som var del av den første kyrkja, vart kløyvd i to når dei la fundamentet for det nye kyrkjebygget. Han meinte òg at det ikkje var noko som indikerte at skjeletta hadde blitt flytta i forkant av reisinga av ny kyrkje. I utgangspunktet kan dette tolkast som at den første kyrkje må ha stått ei god stund før den vart riven, sidan dei ikkje har brydd seg med å gravlegge skjeletta på nytt. Samstundes rimar det dårleg med dateringa av den første stavkyrkja til første halvdel av 1000-talet. Eit anna alternativ er at den nye stavkyrkja har blitt reist av ein ny eigar, utan familiekopling til den gamle. Kanskje hadde ein ny eigar trong for å markere eigarskapen ved å reise ei ny kyrkje, og at dette er grunnen til at den førre kyrkja vart rive, medan den tilsynelatande framleis var i bruk? Slekta kan vere den same som vi vert kjend med i Sverresoga. Her vert sønene til Arngeir prest, Gaut og Karlshoved, utpeikt blant hovudmennene bak drapet på Ivar Dape i 1183 i Kaupanger. Denne familien kan kanskje vere den same eller i relasjon til ei slekt som vi gjennom mannsnamnet Karlshovud kan knytte til Kaupanger på 1300-talet.
BRANN OG BYGGING AV DEN SISTE STAVKYRKJA
Funn av eit omfattande brannlag og smelta bronse syner at det har vore ein kraftig brann, noko som må ha vore ein dramatisk oppleving for folka i Kaupanger. Lenge trudde ein at brannen skulle koplast til nedbrenning av kaupangen som vi kjenner til i frå Sverresoga. I 1184 reiste kong Sverre til Sogn for å straffe dei som året før var med på drapet på m.a. syslemannen Ivar Dape i Kaupanger. Soga fortel at kong Sverre sendte seks skip til Kaupanger og at mannskapet brann ned heile kaupangen. Åringsdateringar skulle etter kvart syne at kyrkja truleg er reist rundt 1138, og at brannen som øydela den førre kyrkja må koplast til heilt andre hendingar enn straffe-ferda til kong Sverre.
Det er fleire ting som skil den nye kyrkja frå forgjengaren. Medan dei førre kyrkjene hadde jordgravne stolpar, vart stavane no festa på grunnstokkar som var lagt på eit steinfundament. Til forskjell frå dei to tidlegare stavkyrkjene finn vi no stavar i midtrommet i skipet i tillegg til hjørne- og veggstolpar. Dette er eit stort brot med den gamle byggjeteknikken. Med reisinga av den siste stavkyrkja i Kaupanger har ein over 1000-år gamal byggeskikk på mange måtar har nådd sit mest ekstreme uttrykk.
Opphavleg vart kyrkja bygd med 6 stavar på kvar langside, med andre ord var den ein del stuttare enn dagens kyrkje som har åtte stavar på kvar langside. Truleg vart skipet utvida i 1204 mot vest med to stavar. Plankane som vart sett inn i veggane svarar til ein forlenging på om lag 3,45 m. Bjerknes konkluderte med at skipet opphavleg hadde ei innvendig lengd på 10,20 meter. Etter forlenginga måler stavkyrkja omlag 7,6 x 13,7 meter (104 m2). Samanliknar vi desse måla med dei tidlegare kyrkjene i Kaupanger, ser vi storleiken har auka markant. Kvifor dette var naudsynt, vil eg kome tilbake til seinare i artikkelen.
I dag er dette ein langkyrkje med heva midtrom med 22 stavar, med åtte stavar på kvar langside og tre på kvar kortside samt to i koret. Hjørna i skipets og koret har òg stavar i ytterveggene. Av dei 28 attverande stavkyrkjene i Norge, er Kaupanger den med størst tal stavar. Dette medverkar til at stavkyrkja til tider vert kalla katedralen blant stavkyrkjene. Merke etter feste i ytterveggen syner at det opphavleg dessutan var ein svalgang som omkransa heile stavkyrkja. Når den vart fjerna er usikkert. Kristian Bjerknes reknar det som mest sannsynleg at den forsvann mellom svartedauden og 1600-talet.
KVEN HADDE TILKNYTNING TIL KYRKJA?
Som tidlegare nemnd har vi skriftlege kjelder frå 1100-talet og 1300-talet som kan tyde på at den same familien sat i Kaupanger over lengre tid og hadde sterke band til kyrkja. At mellom anna Arngeir vert omtala som prest, kan tyde på at garden var prestegard på 1100-talet. Ut frå dei arkeologiske og skriftlege kjeldene er det ikkje råd å seie at dette er den same garden som vi ser i arkeologiske spor frå m.a. jernalderen eller om den på eit tidspunkt vart utskilt som eiga prestegard. Ætta som er knytt til denne garden er kjent i skriftlege kjelder både i Sverre Soga frå 1100-talet og truleg utover 1300-talet.
I overgangen til 1500-talet og utover, syner kjelder at det somme tider berre er ein brukar, medan landskatten frå 1536 operer med tre brukarar i Kaupanger. I kva grad seinare eigarar på 1400/1500-tallet hadde eit ansvar for stavkyrkja er det ikkje råd å seie noko om, men vanleg kyrkjerett i mellomalderen var at soknefolket sjølv hadde ansvar for oppføring og vedlikehald.
STAVKYRKJA I KAUPANGER SOM BYKYRKJE
Medan dei to første stavkyrkjene opphavleg var bygd som høgendekyrkjer, gjer storleiken og endring av kyrkjeorganiseringa utover 1100-talet at den siste stavkyrkja truleg var soknekyrkje for den vaksande kjøpstaden vi har kunnskap om i Kaupanger. Dette gjer at stavkyrkje i Kaupanger til den einaste stavbygde bykyrkja i Norge. Det kan òg sjå ut som om det skjer ein omorganisering av gardstunet rundt stavkyrkja på 1100-talet. Truleg vert tunet då flytta ned til dagens tun på Kaupanger Hovedgård. Dette kan forklare kvifor kyrkja vart utvida tidleg på 1200-talet. Dette er ein periode vi ser kaupangen veks, og som syner at det framleis er gode tider for folka i kjøpstaden. I tillegg sokna truleg gardane på Kaupangerskogen til kyrkja i Kaupanger.
Korleis kaupangen vart etablert og av kven, er vanskeleg å avgjere ut frå det skriftlege og arkeologiske kjeldematerialet vi har. Men truleg vart kaupangen etablert som ein sesongmessig marknadsplass i overgangen frå vikingtid til mellomalderen. Initiativtakar er kanskje den same som reiser den første stavkyrkja i Kaupanger, ev. i kombinasjon av fleire stormenn i Sogn. At det ikkje er spor etter konge- og kyrkjemakt, styrker og teorien om at lokale stormenn har hatt stor påverknad over kaupangen.
Ein del av inventaret i kyrkja kan òg kaste lys over ulike samfunnsgrupper som har spela ein rolle, både i kaupangen, men òg i form av gåver til kyrkja. Mellomalderforskaren Margrete C. Stang har tidlegare analysert den gamle altertavla som stod i Kaupanger stavkyrkje, datert til om lag 1250. Hovudmotivet er Kong Olav den heilage som døyr under slaget på Stiklestad. Det som er spesielt interessant i denne samanhengen, er sidefelta som syner helgenar for fiskarar, båtbyggjarar, sjømenn/ferjemenn og reisande. Ut frå val av helgenar, er det nærliggande å tru at desse gruppene gav alteret som gåve til stavkyrkja. Dette fortel òg litt om posisjonen desse gruppene hadde i kaupangen og at staden var i framleis utvikling, 70 år etter slaget på Fimreite, som utsletta deler av dei lokale stormanns-ættene i Sogn.
Som tidlegare nemnt vart ikkje funne myntar knytt til den første kyrkja i Kaupanger og berre to myntar knytt til den neste stavkyrkja. No skjer det nært sagt ein eksplosjon av myntfunn; Faktisk er myntfunna frå Kaupanger blant dei mest talrike kyrkjefunna i Norge. Majoriteten av funna er frå koret, noko som er tolka som ein form for offergåve, at ein har slept myntene gjennom golvet med vilje. I tillegg understøtter funna teorien om at kyrkja har gått frå å vere ein høgendekyrkje til å bli ein soknekyrkje. Hadde det vore vanleg å ofre myntar tidlegare (eller miste), ville ein truleg ha funne fleire myntar knytt til dei førre kyrkjene. Nesten utan unntak er myntane frå mellomalderen prega i Norge. Dette kan vere ein indikasjon på majoriteten av dei som nytta kyrkja kom frå norske område.