STRANDLINJA LANGS KAUPANGER HOVEDGÅRD
Dette er ei samling med små artiklar om strandlinja langs Kaupanger Hovedgård. Dei stod opphavleg i eit temanummer av So dei sa… (2013) Utgitt av Sogelaget i Sogndal (attgjeven med løyve frå redaksjonen). Artiklane er skrivne av Christoffer Knagenhjelm og fortel om korleis stranda har vore brukt, frå jarnalderen til våre dagar

Emil, sjå på ferja! Den vesle guten myser mot den kvite og svartmala ferja og held fram med å grave i sanden. Dei vaksne slikkar sol, medan lyden av bølgjer og barnelatter bryt roa. På den same staden, 1100 år tidlegare, driv svart, sur røyk frå eit nesten utbrent kremasjonsbål sakte utover bukta…

På stranda ved Kaupanger Hovedgård veit vi at det har gått føre seg ulike aktivitetar sidan 900-talet e. Kr. I dag er dette eit rekreasjons- og industrilandskap der strandlinja har endra seg mykje dei siste 50 åra. Ei utvikling som i stor grad følgjer mekaniseringa av samfunnet etter krigen, der traktoren og gravemaskina tillèt utfylling og endring av landskapet i ein grad som tidlegare ikkje hadde vore mogleg.

Gamle kart, bilete og arkeologiske funn kan likevel fortelje oss mykje om bruken av stranda gjennom tidene. Samanliknar vi dagens landskap med eit kart frå 1944 (med tilføyingar i 1953), er det lett å sjå kor mykje stranda har endra seg dei siste 70 åra (figur 1).

Området som er fokus for denne artikkelen strekkjer seg frå det nedlagte impregneringsverket til Kaupanger Hovedgård i vest og fram til det gamle Buchnerhuset i aust. Eg vil nytte desse kjeldene til å teikne små tidsbilete av dette strandlandskapet som på mange måtar speglar dei sosiale og fysiske endringane som Kaupanger har vore gjennom dei siste 1000 åra.

Gravlegginga
Sumaren 2001 avdekka eg saman med nokre arkeologvener eit kraftig kollag. Merkeleg nok låg det og uvanleg mykje brende bein her. Ingen reagererte først under gravinga, men under analyse av beina på laboratoriet i Bergen synte det seg at dette ikkje var restar etter eit måltid, men truleg delar av hovudskallen til eit menneske og beinbitar etter ein hund. Hundebein opptrer regelmessig i graver frå vikingtida, og dateringar i nærleiken fortell at dette truleg har skjedd på 900-talet (Knagenhjelm 2004).

Frå det gamle rus-riket, opphavet til dagens Russland har vi ei særs spannande kjelde til gravskikken i vikingtida. I 921 e. Kr. vart arabaren Ib Fadlan sendt ut som sekretær for ambassadøren til Abbasid-kalifatet i Bagdad til kongeriket Volga-Bulgaria. På denne reisa kom han i kontakt med det vi trur var ei gruppe vikingar.

Fadlan skildrar først utsjånaden til vikingane. Dei hadde kroppar høge som palmer, raudmussa hud og blondt hår. Kroppane var dekorert med tatoveringar, frå fingerneglene til halsen, i mørkeblå og grøne mønster, som likna tre eller andre figurar. Alle menn var væpna med øks, kniv og sverd. Etter kvart følgjer Fadlan opp med å gje ei detaljert skildring av gravferda til høvdingen.

Først blei høvdingen lagt i ei midlertidig grav, der han låg i ti dagar mens gravkleda vart sydd. I mellomtida vart alle eigendelane hans delt i tre, ein del til familien, ein til å dekke utgiftene til gravkleda, og den siste delen til drikkevarer til den endelege gravferda. Som skikken var når ein høvding døydde, vart trælane (slavar) spurt om kven som ville følgje han i døden. Ein av dei kvinnelige trælane meldte seg friviljug.

Etter kvart vart skipet til høvdingen dratt på land, framleis låg den døde i den midletidige grava. Den siste dagen vart høvdingen kledd i gravkleda og han vart lagt på ei seng på skipet. Etter dette kom ei kvinne, kalla dødsengelen. Trælen fikk ein sterk, bedøvande drikk, etter dette vart ho drepen av dødsengelen. Det heile vart avslutta med at familien til den avlidne sette fyr på skipet. Etter at skipet hadde brunne opp vart ein gravhaug reist, med ein stolpe av tre på toppen.

Kven veit, kanskje er det noko av det same vi ser spora av ved stranda i Kaupanger?

På sporet av dei gamle bygardane i Kaupanger
I dag er mykje av strandlina i området brukt som lagerområde. Frå eldre oppteikningar, munnlege kjelder og det gamle gardskartet veit vi at åkeren (”Flåten”) som ligg på undersida av låven til Kaupanger Hovedgård, strakk seg heilt ned til vegen som fylgjer stranda til ferjekaien. Deler av åkeren vart fjerna på 1960-talet. Men ein lita flik vart gløymd, ved eigedomen til Christen F. Knagenhjelm. Kanskje skjulte jorda her nokre løyndommar?

Og det synte seg raskt at det ikkje var ein lita løyndom som låg mellom asketrea. Ikkje lenge etter det første prøvestikket vart opna, vart ein solid grunnmur av stein avdekka. Funn av ein eldstad i botnen av tufta fortel òg at truleg avløyste fleire bygg kvarandre her. I eldstaden og spreitt rundt i tufta låg det mykje brende bein og keramikk. Noko som syner at dette ikkje berre var eit bustadhus, men gjev oss òg innsikt i kva dei åt, som sild, sau, storfe. Fasinerande er òg funn av bein som tyder på at hjort kan ha vore eten i Kaupanger for 800 år sida. Dateringar av eldstaden og keramikk fortel oss at det første huset vart reist på 1100-talet og at det siste huset eksisterte på 1300-talet.

Tuft frå mellomalderen

Tuft frå mellomalderen

Den gongen for nesten 1000 års sidan låg sjøen om lag 1,0-1,5 meter høgre enn i dag. I så fall sto sjøen ved flo like under huset vi fann spor etter. Kan hende er dette restane etter ein av bygardane i Kaupanger som vi kjenner frå skriftlege kjelder? Frå norsk mellomalder er det ikkje mykje som er att av skriftleg kjeldemateriale, men vi er så heldige at vi har bevart to eigedomstransaksjonar frå Kaupanger. Det eldste er frå 1337, det yngste frå 1362. Begge omhandlar sal av gardpartar (bygningar) som kan ha stått i Kaupanger. Særleg namnet på garden, Brasagard, nemnt i det eldste dokumentet, er spanande. Kan hede skal namnet relaterast til ein Hallstein Brase frå Voss, som levde på byrjinga av 1300-talet. Men, namnet, brasa, betyr òg steikje/frese. Kan hende er vi på sporet av eit vertshus?

Denne historia vert ikkje mindre spanande når vi veit at det skal ha vore funnet noko liknande då Sogndal kommune grov ut tomta til det første kloakkanlegget på 1970-talet hjå Christen F. Knagenhjelm. Dette bygget ligg i så fall parallelt med vår tuft. Det er ikkje utenkeleg at det låg fleire bygardar langs bukta i dette området, då kaupangen hadde sin største utstrekning tidleg på 1200-talet.

Bryllaupet til Cecilie ”Ciss” Knagenhjelm

Bryllaup

Bilete frå bryllaupet

Området rundt jektekaien har lenge vore, og er framleis ein fristad og plass for mykje moro for Knagenhjelmane. Det er usikkert når det første badehuset vart bygd, men skikken med badehus vart populær frå siste halvdel av 1800-talet i Noreg, og det er ikkje urimeleg at badehuset vart reist før 1900. I 1912 gifta Cecilie, søstera til godseigaren Christen Knagenhjelm, seg med Edvard Hagerup frå Oslo. Bilete frå bryllaupet gjev eit sjeldant innblikk i korleis øvrigheita møttest og ikkje minst feira før den siste verdskrigen. Talande nok er det ikkje nokon på bileta, utanom godseigaren og familien, som høyrer heime i Kaupanger.

Jekta Kaupanger

Jekta Kaupanger

Jekta Kaupanger

Under 1. verskrig auka mistankane til godseigaren, Christen Knagenhjelm (død 1971), om at jekteskipperane som førde tømmeret hans til Bergen underslo deler av verdien. Han bestemde seg difor for byggje eiga skip, ” M/B Kaupanger”. Skipet vart påbyrja i 1917 og ferdig i 1919, og vart bygd av Ola N Henjasand, hjulpen av Erik Vikane, Ivar Langenes, Anders Haukås, Olav Holen og Sivert Hovland. Opphavleg var det planlagt at ”Kaupanger” skulle vere 100alen lang (om lag 63 meter), men to spantar vart sløyfa slik at båten til slutt var 98 alen (om lag 61,5 meter). Diverre vart ikkje det nokon lukkeleg slutt på godseigaren sitt reiar-eventyr. På 1920-talet sokk båten utanfor Bergen (ved Allværstraumen) etter å ha gått på eit skjær.

Sagbruksdrifta
Kaupanger stavkyrkje er kanskje det mest talande beviset for verdien furuskogen har hatt for Kaupanger og dei ulike eigarane av Hovedgården. Truleg kjenner mange til den danske futen, Gjøde Pedersen, som nærast regjerte i Kaupanger på første halvdel av 1600-talet. Med han fekk skogbruksdrifta verkeleg industriell karakter i Kaupanger. På eit tidspunkt sagde han mellom 1/3 og halvparten av all plank i heile Sogndal kommune (Sandal 1986). Opphavleg var det tre oppgangssager i nedre del av Kaupangerelvi og den eine saga vart brukt så seint som i 1937, då dampsaga ved jektekaien brann ned.

Brann, dampsag, 1937, Kaupanger Hovedgård

Etter brannen

Sagbruksdrifta var så viktig at det var eige maskinlåve for gards -og sagbruksdrifta. Den låg i krysset ved brua som ligg bak impregneringsverket. Etter kvart vart sagbruksdrifta flytta ned til ein lokomobilsag som låg aust for jektekaien til Kaupanger Hovedgård. Den var for si tid ein svært moderne vedfyrt, dampdrive sag og vart bygd av Christen Knagenhjelm. Saga brann i 1937.

Etter dette vart nytt sagbruk oppført der Lerum har sukkerlager i dag. I ein periode dreiv Nils J. og Christen F. Knagenhjelm Kaupanger Hovedgård i fellesskap. I 1966 vart sagbruket overteke av Christen F. Knagenhjelm. Kaupanger Hovedgård overtok sagbruket i 1979 og dreiv det fram til melde oppbod i 1985. Nye-delen av sagbruket vart gjort om til Fjordmuseet i 1989. Resten var eigd av Christen F. Knagenhjelm i ein periode før noverande eigar, Lerum, kjøpte anlegget.

Parallelt med dette vart det på midten av 1950-talet bygd opp bygningsartikkelforretning, med kontor på dampskipskaia. Dette kontoret brann i 1961. I 1970 inngjekk Christen F. samarbeid med Rieber Bygg i Bergen, som overtok bygningsartikkelforretninga i 1972. Dei hadde eit svært bunkersliknande anlegg på kaia, der det er bustader i dag. Rieber flytta forretninga opp på skogen tidleg på 2000-talet (pers. med. C. Knagenhjelm 2012).

Etablering av impregneringsverket
Nils J. Knagenhjelm (død 2004) var ein framsynt mann. Etter nedlegginga av gardsdrifta i 1962 såg han potensialet i impregnering av gjerdestolp med råstoff frå skogen. Drifta starta så smått rundt 1970. Etter at området i 1977 vart frigjeve av antikvariske myndigheiter etter to større arkeologiske utgravingar, hadde verksemda gode år fram til midten av 1990-talet.

Tidleg fase av impregneringsverket. Arkeologisk utgraving i høgre del av bilete (1970)

Tidleg fase av impregneringsverket. Arkeologisk utgraving i høgre del av bilete (1970)

Etter kvart hadde Impregneringsverket fire bygg med ulik bruk. Det byrja med «kontoret» som opphavleg vart bygd av Ellen Marie Knagenhjelm under krigen. Bygget har vore ombygd og påbygd fleire gonger. Kontoret husa trykktanken kor materialet vart impregnert. Resten av arbeidet vart i mange år gjort utandørs, men både for å gje arbeidarane betre arbeidsvilkår og for å verte meir leveringssikker vart drifta gradvis flytta innandørs. «Barka» kor all tømmeret vart avbarka, vart bygd på første halvdel av 1980-talet. Det blåste ned under stormen tidleg på 1990-talet. Nytt bygg vart reist etter dette. I dag er det utleigd til Sogndal kommune som har PU-bedrift her. I 1986 vart det reist eit stort ope bygg for å tørke materialet under tak. I ca. 1995 vart det kledd inn og sagbruksdrift vart starta her i samarbeid med Dag Loftesnes. I dag er delar av bygget utleigd til møbelsnekkjer Ståle Loftesnes. I tillegg vart det reist eit mindre bygg langs elva, kalla «Turken». Dette var ei effektiv turke basert på varmepumpeteknologi, noko som var ganske nytt på denne tida. På den måten var det mogleg å tørke tømmer året rundt.

Saman med sagbruket gav impregneringsverket i mange år arbeid for mange kaupingar. Utover 1990-talet førde strukturrasjonalisering av impregneringsverksemder i Skandinavia til at det vart hardare å markere seg for mindre bedrifter. Etter kvart som billege svensk- impregnerte gjerdestolpar fløymde innover marknaden vart konkurransestoda ekstra hard. I 1999 vart impregneringsverksemda avvikla (pers. med. C. Knagenhjelm 2012).

Kjelder
Knagenhjelm, C. 2004: Kaupanger. En analyse av kaupangens lokalisering og funksjon.
Upublisert hovedfagsoppgave. Arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen 2004.

Sandal, Per (red.). Sogndal Bygdebok. Band I. Allmenn bygdesoge. Tida før 1800. Sogndal Sogelag 1986.

Pers. med.: Christen Knagenhjelm (28.3.2012)