Kaupanger
I Kaupanger finn du vandreturar for einkvar smak, enten du berre vil ta en liten (sundags) tur eller vil over tregrensa for å speide ut fjorden, eller kanskje vil du sjå korleis stølsområda ser ut i Sogn? Her finn du det meste!

Fjærland
Norsk Bremuseum. Bygget er teikna av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn og inneheld ustillingar som mellom anna fortel om korleis breene vart danna og korleis dei har forma fjordlandskapet. Her er det òg aktivitetar for born og unge!

Bøyabreen og brævasshytta.. Ta turen til Brævasshytta, her kan du kjøpe deg mat og nytt utsikten til breen!

Luster
Nigardsbreen, lett tilgjengeleg og majestetisk brearm, inst i Jostedalen. Her finn du òg Brehimsenteret med utstillingar og informasjon om Jostedalen og Breheimen Nasjonalpark. Er du nyskjerrig på livet i Jostedalen (det blir du garantert), så får du nokre svar på det her òg. På senteret er det mogleg å bestille turar på breen. Fleire andre selskap, som Jostedalen Breførarlag og Norgesguidene tilbyr òg turar på breen (bestill på førehand). Det er sett opp sperring før breen, vær nøye å følgje dei!

Flåm
Om toget er fullt, så freister kanskje ein stille tur på fjorden? Prøv kajakkpadling! Njord har daglege turar i verdsarvområdet