Kalender

January 2012
M T W T F S S
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031EC

Kva skjer

Kontakt oss!

Christoffer Knagenhjelm: 48004817
Trude Knutzen Knagenhjelm: 91556522

Havnebakken 1
6854 Kaupanger
post@knaken.no

Velkomen!

Spiss blyanten, laurdag 28.januar vert det pubquiz på Knaken!

Knaken er ein familiebedrift i hjartet av Kaupanger. Vi er to arkeologar som har funne vår draumestad her. Dette ønskjer vi at også andre skal få ta del i. I den gamle sauefjøsen til Kaupanger Hovedgård driv vi ein kafé og serverings- stad der vi òg tilbyr kulturformidling. Like ved kafeen går kashmirgeitene våre som hjelper oss med å halde landskapet fritt for busk og kratt.

Er du ute etter ein spesiell stad for å feire, samle gode vener til fest eller holde eit seminar for bedrifta, er Knaken staden. Som ein del av arrangementet legg vi gjerne inn kulturhistoriske opplevingar saman med oss.

Som kafégjest om sommaren har du høve til å melde deg på ein av våre tematurar i det freda kulturmiljøet rundt Kaupanger stavkyrkje og Kaupanger Hovedgård. På Knaken byr vi alltid på eit breitt utval av heimelaga mat og drikke. Så langt årstid og tilgang gjer det mogleg er råvarene vi bruker lokale og økologiske.

Vi er medlem av Mat og naturinkubatoren (drifta av Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane), Sognefjord – Destinasjon Sogndal og Luster og HANEN, organisasjonen for bygdeturisme og gardsmat.